Bruk av legemidlar som kan påverke køyreevna

Rett og forsvarleg rekvirering av vanedannande legemiddel er viktig for trafikktryggleiken og folkehelsa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.07.2020

Fylkesmannen følgjer med på rekvireringspraksisen til legane i fylket, og skal bidra til forsvarleg praksis når legane rekvirerer og skriv ut resept på legemiddel.

Helsekrav

Den nye førarkortforskrifta som kom i oktober 2016 stramma inn bruken av trafikkfarlege medikament. Det generelle helsekravet ved bruk av legemiddel er ikkje oppfylt når bruken gir auka risiko i trafikken. Det er fastsett grenser for medikament av typen bensodiazepinar, opioidar og antihistamin som søvnmiddel. Dersom ein brukar to medikament i desse gruppene, skal grensa for akseptabel døgndose ned med 50 prosent for kvart medikament. Ved bruk av tre medikament i desse gruppene er helsekrava ikkje oppfylte. Dette gjeld også dersom ein nyttar legemiddel til rusing.

Norsk elektronisk legemiddelhåndbok (NEL) har ein legemiddelkalkulator som legen kan bruke for å vurdere medikamentbruken opp mot helsekrava til førarkort.

Helsekrava ved bruk av trafikkfarlege medikament, helseskadeleg bruk av alkohol og illegale rusmidlar er omtalt i førarkortforskrifta vedlegg 1 kapittel 14 med utfyllande rettleiing i Helsedirektoratet sin førarkortrettleiar IS-2541.

E-læringskurs

Helsebiblioteket sitt E-læringskurs: Forskrivning av vanedannende medikamenter skal gi meir kunnskap om når legen skal starte, unngå og avslutte behandling med vanedannande legemiddel i oppfølginga av ein pasient. Målet med kurset er å presentere reelle dilemma frå legekvardagen.

Kurset bygger på nasjonal fagleg rettleiar om temaet: IS-2014 Nasjonal faglig veileder vanedannende legemidler 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.