Ikkje endringar i alkohollova

Det er ikkje gjort unntak frå alkoholregelverket som følgje av koronasituasjonen. 

I brev frå Helse- og omsorgsdepartementet kjem det fram at det ikkje vert endringar i alkoholregelverket som følgje av koronasituasjonen.

Vi har fått spørsmål frå kommunar om endringar i alkohollova som følgje av koronasituasjonen, særleg med tanke på skjenkebevillingar, søknadsfristar og liknande.

Helse- og omsorgsdepartementet har i brev til Oslo kommune svart på fleire problemstillingar knytt til alkohollova og koronasituasjonen. 

Spørsmål om alkohollova kan sendast per e-post til Fylkesmannen i Vestland