Fylkeskommunen tek over forvaltninga av tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod

Forvaltninga av tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod skal overførast frå Fylkesmannen til fylkeskommunen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.12.2019

Fram til no er det Fylkesmannen som har forvalta tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod, men frå 2020 går denne oppgåva til Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen si rolle frå 2020

Fylkeskommunen skal lyse ut tilskotet, vurdere søknader frå kommunane og dele ut midlar etter gjeldande regelverk. Tilskotet er ein eingongsutbetaling til kommunane. Kommunane skal rapportere på tilskotet til fylkeskommunen. Helsedirektoratet deler ut midlane etter same fordelingsnøkkel som før.

Kontaktperson i fylkeskommunen er Synnøve Stalheim, leiar av seksjon plan, klima og folkehelse. Vestland fylkeskommune kjem med meir informasjon om friskliv på si nettside og i brev i løpet av januar. 

Fylkesmannen si rolle frå 2020

Det er berre forvaltningsoppgåva som blir overført. Fylkesmannen skal støtte i oppgåveoverføringa det første året. Frisklivs-, lærings- og meistringstilbod er helsetenester, og Fylkesmannen vil framleis ha det same ansvaret for denne helsetenesta som for andre helsetenester.

Rapportering for 2019

Rapportering på bruk av tildelte midlar for 2019 skal leverast til Fylkesmannen på fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. mai 2020.

Meir informasjon finn du på Fylkesmannen i Vestland si nettside. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.