Nytt tilskot skal styrke måltidsopplevinga for eldre

Frå 1. oktober kan kommunar søke om tilskot til lokalkjøken i sjukeheimar og omsorgsbustader.

Opprettinga av eit tilskot til lokalt produksjonskjøkken er ein del av kvalitetsreforma for eldre -  Leve heile livet. Målet er å styrke måltidsopplevinga og det ernæringsmessige tilbodet ved sjukeheimar og heildøgns omsorgsbustader.

Tilsegnsramma for 2019 er 12,5 millionar kroner, og skal gå til etablering eller gjenetablering av lokale kjøkenløysingar med produksjonskjøken i eksisterande sjukeheimar og omsorgsbustader. Tilskotet blir målt etter talet på brukarar av kjøkenet med heildøgns tenestetilbod. Tilskotet blir gitt so mein del av investeringstilskotet under post 63 rehabilitering.

For å skape nærskap mellom matlaging og bebuarane er det ønskeleg at kjøkenløysinga blir utforma slik at produksjonen av mat går føre seg i ei løysing med minst ein open vegg ut mot fellesareal eller spiseplass.

Auka i ramma til investeringstilskotet og nytt tilskot til lokalkjøkken blei vedtatt i revidert nasjonalbudsjett i Stortinget 21. juni 2019.

Les meir om tilskotet på nettsida til Husbanken.