Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Politi og advokat kan søke elektronisk om fritak frå teieplikt for vitne som skal forklare seg for politi eller domstol. Her finn du informasjon om korleis du søker.

Publisert 06.11.2019, Sist endret 28.02.2024

Når tilsette i barnehagar, skular, barneverns-, sosial-, og helsetenester, og tilsette som har oppgåver etter introduksjonslova, skal forklare seg for politi eller domstol, krevst det fritak frå teieplikta. Det same gjeld dersom politi eller advokat ønskjer å få lagt fram dokument som desse tenestene har utarbeidd.

Politi eller advokat bør sende søknad til Statsforvaltaren tre veker før avhøyret eller rettssaka skal gjennomførast.

Du kjem til elektronisk søknadsskjema ved å følgje denne lenkja.

Samtykke gjer søknad unødvendig

Før du sender søknad til oss, så må du spørje dei som har krav på hemmeleghald om dei vil frita vitnet frå teieplikta. Det gjeld berre dersom ein slik førespurnad er foreinleg med pågåande etterforsking eller straffesak. Dersom dei samtykker, er det unødvendig å sende søknad til Statsforvaltaren. Dersom dei ikkje samtykker, skal dei få moglegheit til å uttale seg før Statsforvaltaren gir fritak frå teieplikta.

Innhald i søknaden

Vi har utarbeidd eit elektronisk skjema som vi oppmodar dykk om å bruke. Søknaden om fritak frå teieplikt må innehalde følgjande opplysningar:

  • namn, fødselsdato, stilling og arbeidsstad for vitnet
  • namn på partane i saka
  • kva saka gjeld, kva vitnet skal forklare seg om og kvifor det er relevant for saka
  • om de vil innhente dokument frå tenesta og kva opplysingar de ønskjer å få lagt fram
  • om de har forsøkt å innhente samtykke frå dei som har krav på hemmeleghald, eventuelt, kvifor ikkje
  • dato for forklaring og kva instans som skal få forklaringa
  • saksnummer for domstolen eller politiet
  • uttale frå vitnet og vitnets leiar, om dei har innvendingar mot forklaring

Under «Dokument» finn du meir informasjon om korleis du søker fritak frå teieplikta. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.