Rettshjelpstiltak for personar som er råka av EØS-saka i Nav

Regjeringa har etablert eit nytt rettshjelpstiltak for personar som er råka av Nav si feilaktige praktisering av trygdeforordninga i EU.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.12.2019

Tiltaket gjeld for alle personar som har fått vedtak om stans, avslag og/eller tilbakebetaling av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar på grunn av mellombels opphald i eit anna EØS-land etter 1. juni 2012.

Rettshjelpstiltaket vil berre gjelde i dei sakene der nytt vedtak etter Nav sin eigen gjennomgang, ikkje endar med full omgjering til gunst for den det gjeld. Vidare vil tiltaket gjelde for krav om erstatning for dekning av økonomisk tap. På Nav sine heimesider er det gitt fyldig informasjon om kva personar skal gjere dersom dei meiner å vere råka av feil frå Nav i desse sakene. Det vil derfor ikkje vere behov for juridisk bistand frå advokat for å be om at eiga sak vert teke opp til ny vurdering.

I høgremenyen finn de lenkjer til rundskrivet og til meir informasjon på regjeringa sine sider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.