Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Fylkesmannen utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane. Kurset vart gjennomført som ein pilot våren 2019, og fekk svært gode tilbakemeldingar. Det vart vurdert som relevant, tilpassa og nyttig av tilsette i alle sektorar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.10.2019

Kurset blir halde av universitetet og er utarbeidd med tanke på dei som i ein del av stillinga si er saksbehandlarar/skriv vedtak innanfor t.d. pleie og omsorgstenesta, oppvekst og utdanningssektoren, teknisk etat eller andre delar av den kommunale forvaltninga – og har fagbakgrunnen sin frå desse felta. Fellesnemnaren vil vere at ein treng innsikt i og påfyll av regelverket som styrer ein forsvarleg saksbehandling.

Pensumet og gjennomføringa av kurset blir lagt opp slik at det er tilpassa arbeidssituasjonen, og skal vere praktisk til nytte i deltakaren sin arbeidskvardag. Det blir for det meste nettbasert undervisning, men med to samlingar ved universitetet i Bergen over to dagar. Fokus vil vere på hovudreglar og trening i vedtaksskriving innanfor den enkelte sitt fagfelt. Kurset blir avslutta med heimeeksamen, og vil gi 10 studiepoeng.

Kommunen skal nominere søkjarar til kurset, og fristen for dette er 31.10.2019.

Elles viser vi til vedlegga på høgre side, der du finn brev som har gått ut til kommunane om kurset inkludert lenke til emneskildringa på UiB, og presentasjon av evalueringa av kurset.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.