To nye turiststader i Ullensvang kommune

Fylkesmannen har godkjent Jondal og Odda sentrum i Ullensvang kommune som typiske turiststader.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.06.2020

Etter søknad frå Ullensvang kommune, har Fylkesmannen vurdert at Jondal og Odda sentrum fyller vilkåra i helligdagsfredlova § 5 sjette ledd for å kunne få status som typiske turiststader deler av året. Vilkåra for ein slik status, er at sal frå faste utsalsstader hovudsakleg må skje til turistar.

I førearbeida og retningslinjer frå departementet, er det gitt nærare føringar for vurderinga av om vilkåra er oppfylt. Aktuelle moment er om dei fastbuande er få samanlikna med talet på tilreisande/besøkjande og om næringsdrivande er avhengige av turistsesongen på grunn av lite sal til fastbuande. Om vilkåra er oppfylt, vil bero på ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle.

Søknaden frå Ullensvang kommune har vore på høyring til aktuelle berørte instansar, og det er ikkje registrert fråsegner innan høyringsfristen. Fylkesmannen har funne det godtgjort at det er dokumentert ein auke i turisttrafikken både til Jondal og Odda sentrum i perioden mai til og med august. Vidare er det for begge stadane dokumentert ei stor auke i omsetnaden for daglegvarebutikkar i same periode, og at denne er vesentleg høgare i perioden mai til august enn elles i året.

Etter ei samla vurdering har vi konkludert med at både Jondal og Odda sentrum fyller kriteria for status som typiske turiststader i perioden mai til og med august. Det betyr at både Jondal og Odda sentrum i Ullensvang kommune er unnateke frå reglane om opningstider i helligdagsfredlova § 5 første ledd, og at faste utsalsstader som sel varer til forbrukarar på desse stadane kan halde ope på søndagar og andre helligdagar i den godkjende perioden. Vedtaket frå Fylkesmannen og lenkje til helligdagsfredlova finn du i menyen til høgre.

Frå før har stadane Røldal og Skare, Tyssedal/Skjeggedal, Nå og Kinsarvik status som typiske turiststader i Ullensvang kommune.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.