Tilbod til barn opp til 12 år

Tilbodet for barn med føresette i kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve, skal vere for barn opp til 12 år.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.03.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Det er noko ulik praksis frå kommune til kommune når det gjeld kva for nokre barn som får tilbod på skulen. Sjølv om kommunen må ha ein restriktiv praksis for å hindre spreiing av virus, er til dømes det å avgrense tilbodet til 1.- 4. klasse, ikkje i tråd med retningslinene. Vi viser elles til Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

Når det gjeld tilbod til barn med særskilte omsorgsbehov, må den einskilde skule og barnehage gjere konkrete og individuelle vurderingar av kva for nokre barn dette er. Moment i vurderinga kan vere faktorar ved barnet som store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, men og faktorar i barnet sin omsorgssituasjon. I desse tilfella vil både foreldre/føresette, helsesjukepleierar og kommunalt barnevern kunne vere viktige kjelder til informasjon om korleis barna sin omsorgssituasjon er. Situasjonen for desse barna vil og kunne bli meir alvorleg etter som tida går.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.