Standpunktvurdering – viktige ting skulane må ta omsyn til i arbeidet

Grunnskulane i Vestland skal utover våren sikre at standpunktkarakterane til elevane vert fastsette etter forskrift til opplæringslova. Fylkesmannen mottok i fjor 168 klager på standpunktkarakterar. 73 prosent av vedtaka skulane hadde gjort, vart oppheva og sende tilbake til skulane for ny handsaming.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2020

Det er svært viktig at faglæraren har ein god kommunikasjon undervegs med den enkelte eleven, slik at standpunktkarakteren vert forstått og ikkje kjem som ei overrasking på eleven. Likevel vil ein oppleve at elevar ikkje er nøgde med karakteren og ynskjer å klage. Då er det viktig å forklare elevane at klageinstansen (Fylkesmannen) ikkje tek stilling til om karakteren eleven har fått er rett eller gal, men om den er fastsett etter regelverket.

Erfaringar frå fjorårets handsaming av standpunktklager

Vi handsama ved slutten av skuleåret 2018-2019 168 klager. 41 frå skular i Sogn og Fjordane og 127 frå Hordaland.

73 prosent av klagene vart oppheva og sende tilbake til skulen for ny handsaming fordi det ikkje vart dokumentert godt nok at regelverket var følgt.

Klagene fordelte seg på mange fag, og spesielt ser vi ein auke i dei nye valfaga, spesielt på 8. og 9. trinn.

Hovudtyngda av klagene kom i desse faga:

Fag Tal klager Fag Tal klager
Ulike valfag 23 Musikk 7
Mat og helse 22 Norsk hovudmål 7
Kroppsøving 18 Matematikk 7
Engelsk skriftleg 8 KRLE 6


I dei andre faga var det færre enn seks klager.

Kva vi ser i fråsegnene frå faglærarane

I mange av klagesakene ser vi at faglærarane i grunngjevingane sine legg vekt på tilhøve som ligg utanfor kompetansemåla i faget. Lærarane omtalar ofte arbeidsinnsats og samarbeidsevne i grunngjevingane.

Mange av standpunktklagene går på dei praktisk-estetiske faga. Vi ser t.d. at mange av enkeltvedtaka i mat og helse blir oppheva fordi faglærar brukar eit standardskjema der utanforliggande forhold som mellom anna arbeidsinnsats og orden, står som vurderingskriterium. Når slike skjema blir nytta, kan det vere teikn på at ei heil elevgruppe har fått standpunktkarakterar der det er trekt inn utanforliggande forhold i vurderingsgrunnlaget.

Kompetansen til eleven er ikkje blitt vurdert innanfor eit eller fleire hovudområde i faget

Det har vore mange grunngjevingar der det ikkje ligg føre noko vurdering av eleven sin kompetanse innan eitt eller fleire av hovudområda i det aktuelle faget. Dette er eit generelt problem som ikkje berre knyter seg til eit særskilt fag. I enkelte saker kan det vere tale om eit større problem som ligg bak. Eit av dei tydelege døma på dette i fysisk aktivitet og helse, der enkelte skular ikkje dreiv opplæring etter hovudområdet «Kosthold og helse» i det heile. Opplæringa bestod berre av eit utval av aktivitetar der elevane vart vurderte etter dugleik og innsats.

I dei fleste sakene er det derimot klart for oss at det er drive opplæring innanfor alle hovudområda i faget – problemet er at elevens kompetanse ikkje er målt opp mot nokon av kompetansemåla innanfor eit eller fleire av hovudområda i faget. Vi ser då at grunngjevinga ikkje oppfyller kravet i regelverkstolkinga til Udir: «Det er ikke tillatt å sette en standpunktkarakter på grunnlag av bare utvalgte kompetansemål eller hovedområder. Som et minimum må faglærers begrunnelse for elevens kompetanse vise til eksempler på elevens kompetanse innenfor alle hovedområder i faget.»

Mangelfulle skildringar og vurderingar av elevens kompetanse opp mot kompetansemåla i faget

Eit vanleg problem er at faglærarar i grunngjevinga ikkje skildrar kompetansen til eleven på ein slik måte at vi kan sjå at kompetansen er målt opp mot kompetansemåla i det aktuelle faget.

Det er eit gjennomgåande trekk med faglærarane sine grunngjevingar at det blir brukt mykje tekst på å forklare kva elevane har jobba med i løpet av året, og korleis elevane praktisk gjennomførte forskjellige arbeidsoppgåver. Når det kjem til dei faktiske skildringane av eleven sin kompetanse, er det ein tendens til at desse ikkje blir prioriterte like høgt.

Rektorane må i sterkare grad kvalitetssikre faglærar si grunngjeving

Vi ser at rektorane i dei fleste sakene skriv i saksvedlegget som blir sendt til Fylkesmannen at standpunktkarakteren er sett i samsvar med krava som blir stilt i forskrift til opplæringslova kapittel 3. Med tanke på at svært mange av grunngjevingane ikkje er i samsvar med krava i forskrift til opplæringslova kapittel 3, kan dette tyde på at skulane ikkje har tilstrekkeleg kompetanse på dette området.

Fylkesmannen oppmodar derfor rektor om, i tillegg til å omtale saksgangen, også å kvalitetssikre innhaldet i faglærar si grunngjeving og ser til at faglærar si fråsegn følgjer «oppskrifta» som vi tilrår i rettleiaren som er laga i samband med klagehandsaming av standpunktkarakterar.

Vi har lagt ut rettleiaren og eit dokument som kan nyttast til å informere elevane på 10. trinn.

Har de spørsmål om standpunktvurdering, kan de ta kontakt med Fylkesmannen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.