Rett til skuleskyss og oppmjuking av smittevern

Rett til skuleskyss og rett til opplæring skal gå føre avstandskravet i smittevernrettleiar for kollektivtrafikk der avstandskravet er til hinder for å få frakta alle barn og unge på skulen.

I rettleiar om smittevern for barnetrinn 1.–7., og for ungdomstrinn og vidaregåande opplæring, er det krav til gjennomføring av skuleskyss. Her står det at elevar bør sitte på annakvart sete, men at elevar frå same kohort eller same husstand kan sitte saman. For gult tiltaksnivå opnar også rettleiarane for å gjere lokale vurderingar.

Utdanningsdirektoratet skriv at formålet med denne oppmjukinga er å gi ein moglegheit for å gjere ytterlegare lokale tilpassingar der smittesituasjonen tillèt det, for å få frakta alle barn og unge med skyssbehov til og frå skulen. I praksis betyr dette at rett til skuleskyss og rett til opplæring skal gå føre avstandskravet i smittevernrettleiar for kollektivtrafikk der avstandskravet er til hinder for å få frakta alle barn og unge på skulen.

Det er lokale helsemyndigheiter som gjer denne vurderinga saman med skuleeigar og den som er ansvarleg for skyss (som hovudregel fylkeskommunen). Du finn meir informasjon om dette i vårt brev til helsemyndigheitene, skuleeigar og fylkeskommunen. Dette ligg vedlagt i høgre blokk. Du finn også meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.