Skulane sitt bidrag overfor elevane er rekna ut

Grunnskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane har nokre resultat som ligg signifikant over landssnittet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.05.2019

Kva er skulebidragsindikatorar?

Elevar i grunnskulen har med seg mange føresetnader som verkar inn på skuleresultata. Det kan vere uklårt korleis skulen sin innsats verkar inn på elevane sitt resultat.

Skulebidragsindikatorane forsøker å skilje ut og vise kva lærarane sin evne til å formidle fag og motivere elevane, og skulen sitt arbeid med læringsmiljø og tilpassa opplæring betyr for elevane sitt skuleresultat.

Emne og fag som blir målt

  • På 1.-4. trinn og 5.-7. trinn måler indikatorane skulen sitt bidrag til elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i engelsk, lesing og rekning.
  • På 8.-10. trinn måler indikatorane skulen sitt bidrag til elevane si læring i eksamensfaget eleven kjem opp i.

Tal for for grunnskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane

Årssteg Fylke Tal skular over snittet i prosent Tal skular under snittet i prosent
1.-4.  Sogn og Fjordane 14 % 14 %
1.-4. Hordaland 12 % 24 %
5.-7. Sogn og Fjordane 33 % 15 %
5.-7. Hordaland 13 % 19 %
8.-10. Sogn og Fjordane 12 % 9 %
8.-10. Hordaland 22 % 9 %


Av tabellen kan vi lese at 33 prosent av grunnskulane  i Sogn og Fjordane på 5.-7. trinn har eit skulebidrag som ligg signifikant over landssnittet. På same måte har har 22 prosent av grunnskulane i Hordaland på 8.-10. trinn eit skulebidrag som ligg signifikant over snittet på landsbasis.

Tolking av indikatoren

Ein skulebidragsindikator kan lesast som forskjellen mellom det elevane ved skulen faktisk oppnår og det vi forventar at elevane skal oppnå når vi tek omsyn til eleven sine føresetnader.

For å ta stilling til elevgrunnlaget ser Utdanningsdirektoratet på eleven sine tidlegare resultat og/eller familiebakgrunn (foreldre si utdanning, hushaldningsinntekt og innvandringsbakgrunn).

Dette betyr at

  • dersom ein skule har eit faktisk resultat som er i samsvar med forventa resultat vil skulebidraget vere lik gjennomsnittet som for alle skular i landet – som er null
  • indikatorar med negativt forteikn betyr at skulen har eit bidrag til elevanes resultat som ligg under landsgjennomsnittet
  • indikatorar med eit positivt forteikn betyr at skulen har eit bidrag som ligg over landsgjennomsnittet

Skulebidraget er med andre ord ein relativ størrelse der alle offentlege grunnskular blir målt opp mot eit landssnitt.

Kor sikre kan vi vere?

Vi må vere forsiktige ved samanlikning av resultat som er basert på eit lite tal elevar.

Éin elev som har svært gode eller svært dårlege resultat vil påverke gjennomsnittet mykje meir på ein liten skule enn på ein stor skule.  Jo fleire elevar eit gjennomsnittsresultat er basert på, desto sikrare kan vi vere på gjennomsnittet. Det er difor laga eit usikkerheitsintervall som skal vise kor sikre Utdanningsdirektoratet er på at skulens bidrag varierer frå landssnittet.


Her finn du skulebidragsindikatorar for grunnskulen per 23. mai 2019

Kva er skulebidragsindikatorar for grunnskulen?

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.