Retten til skyss

Vi har samla ein del informasjon som kan vere nyttig både for dei som skal gjere vedtak om skuleskyss, og for dei som ønskjer å orientere seg om retten til skuleskyss.

Fylkesmannen behandlar mange klager som gjeld elevanes rett til skuleskyss. Vi ser at det mange gonger kan vere vanskeleg for kommunane og fylkeskommunen å gjere gode vurderingar av retten til skyss. Vi ser også at det kan vere vanskeleg for elevar og foreldre å vite kva rettar elevane har på skuleskyssområdet.

I denne artikkelen har vi samla ein del informasjon om regelverket på området, som kan vere nyttig både for dei som skal gjere vedtak om skuleskyss, og for dei som ønskjer å orientere seg om retten til skuleskyss.

Kven har rett på skyss?  

Det står i opplæringslova kapittel 7 at elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring har rett til gratis skyss mellom heimen og skulen når visse vilkår er oppfylt. Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar har ikkje rett til gratis skyss. 

Når har eleven rett på skuleskyss?  

Elevar kan ha rett til skyss til og frå skulen av ulike grunnar. Dette er: 

  • lang skuleveg
  • særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
  • båttransport, eller
  • funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom

Skyss på grunn av lang skuleveg

Det står i opplæringslova §§ 7-1 og 7-2 at elevar kan ha rett på skyss på grunn av lang skuleveg.

Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elever på vidaregåande skule har rett på skyss viss skulevegen er lenger enn seks kilometer. 

Skulevegen skal vere farbar, og den skal målast frå døra heime til den inngangsdøra som er lengst unna på skulen. At vegen skal vere farbar betyr at det må vere mogleg å gå på vegen. Dette gjer til at skiftande forhold ved ulike årstider kan ha betydning for kva som reknast som elevens skuleveg, til dømes om det er mogleg å komme seg fram på ein sti.

Skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Det står i opplæringslova § 7-1 at elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. For at skulevegen skal vere særleg farleg eller vanskeleg, må utfordringane på vegen vere større enn det ein kan forvente at eleven meistrar. 

Når kommunen skal vurdere om skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, må det gjerast ei objektiv og ei subjektiv vurdering. I den subjektive vurderinga må kommunen vurdere om det er forhold ved eleven som gjer at vegen er særleg farleg eller vanskeleg å gå, som til dømes alder, syn eller høyrsel. Det er ikkje mogleg å gjere ein vurdering av om vegen er særleg farleg eller vanskeleg, utan at vurderinga knytast opp mot den enkelte eleven.

Kommunen må innhente informasjon om vegen og eleven når dei skal gjere vedtak om skuleskyss. Informasjon om vegen kan kommunen få frå til dømes si eiga tekniske etat, eller frå andre etatar slik som politiet eller Statens vegvesen.

Skyss til og frå skulefritidsordninga og leksehjelptilbod
 

Elevane har som hovudregel ikkje rett til skyss melom heimen og skulefritidsordninga (SFO). Unnataka er elevar med nedsett funksjonsevne, midlertidig skade eller sjukdom som har behov for skyss. 

Elevar som nyttar tilbod om leksehjelp, har ikkje rett til skyss til og frå leksehjelptilbodet. 

Kven har ansvaret for skuleskyss?

Hovudregelen er at fylkeskommunen er ansvarleg for all skuleskyss. Fylkeskommunen er ansvarleg for skyss på grunn av lang skuleveg, funksjonshemming, midlertidig skade eller sjukdom. Fylkeskommunen er også ansvarleg for reisefølgje og tilsyn for vidaregåande elevar.

Kommunen er ansvarleg for skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg for elevar i grunnskulen. Kommunen er også ansvarleg for reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskulen.

Moglegheit for å stille vilkår om eigenbetaling av skyss

I følgje opplæringslova § 8-1 kan kommunen gje ein elev lov til å gå på ein annan skule enn nærskulen sin. Viss dette skulebytet utløysar retten til skyss, vil kommunen ha ansvar for å organisere skyssen.

I utgangspunktet kan ikkje kommunen krevje at eleven eller foreldra betalar skyssen sjølv i slike tilfelle, men kommunen kan stille vilkår om dette viss skulebytet ikkje har samanheng med retten til opplæring. Døme på at skulebytet ikkje har samanheng med retten til opplæring er at skulens plassering er praktisk for foreldra, eller at eleven har gode vener på den andre skulen. Vilkåret om eigenbetaling av skyss må stillast samtidig med at man gir rett til å gå på ein annan skule enn nærskulen.

Skyss for elevar i friskular

Elevar på friskular har rett til skuleskyss etter dei same reglane for elevar som går på offentlege skular, dette står i friskulelova § 3-7. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn gjeld likevel berre innanfor kommunegrensa i den kommunen eleven bur i.

Rundskriv og rettleiar

Utdanningsdirektoratet har laga eit rundskriv for retten til skyss, Retten til skyss Udir-2-2019. Her kan ein sjå nærare på reglane som gjeld for skuleskyss. I tillegg finns det på Utdanningsdirektoratet sine nettsider ein rettleiar om skuleskyss, der ein kan klikke på tema som gjeld for ei konkret problemstilling og få meir informasjon om regelverket.

På høgre side finn du lenkjer til rundskriv og rettleiar.