Nye skulebidragsindikatorar for grunnskulen er publiserte

Skulebidragsindikatorane skal gje ein indikasjon på kva skulen sin innsats har å seie for elevane sine resultat.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.04.2020

Indikatorane skal brukast i det lokale arbeidet med utvikling av skular, og må sjåast i samanheng med annan informasjon om skulen. Det vert publisert tal for fem samanslåtte årgangar frå 2014-2019.

Kva er skulebidragsindikatorar?

Elevar i grunnskulen har med seg mange føresetnader som verkar inn på skuleresultata. Det kan vere uklårt korleis innsatsen til skulen verkar inn på resultata til elevane. Ser ein vekk frå elevane sin familiebakgrunn, hushaldningsinntekt og foreldra sin utdanningsbakgrunn, får ein i statistikken, i form av ein skulebidragsindikator, fram kva som er skulen sitt bidrag i elevane si faglege utvikling.

Skulebidragsindikatorane forsøker å skilje ut og vise skulen si evne til å formidle fag og motivere elevane, og kva arbeidet med læringsmiljø og tilpassa opplæring betyr for elevane sine skuleresultat.

Emne og fag som blir målt

  • På 1.-4. trinn og 5.-7. trinn seier indikatorane noko om skulen sitt bidrag til elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i engelsk, lesing og rekning.
  • På 8.-10. trinn måler indikatorane skulen sitt bidrag til elevane si læring i eksamensfaget eleven kjem opp i.

Utover dette seier ikkje indikatorane noko om skulen sitt bidrag til elevane si læring i andre fag. Den seier heller ikkje noko om skulen si evne til å ivareta andre delar av skulen sitt oppdrag.

Tal for grunnskulane i Vestland

Årssteg Fylke Tal skular over snittet i prosent Tal skular under snittet i prosent
1. - 4. trinn Sogn og Fjordane 14 % 18,6 %
1. - 4. trinn Hordaland 13,1 % 25,1 %
5. - 7. trinn Sogn og Fjordane 22,2 % 2,2 %
5. - 7. trinn Hordaland 14,7 % 19,8 %
8. - 10. trinn Sogn og Fjordane 15,6 % 12,5 %
8. - 10. trinn  Hordaland 21,1 % 9,2 %

 

Tolking av indikatoren

Ein skulebidragsindikator kan lesast som skilnaden mellom det elevane ved skulen faktisk oppnår og det vi forventar at elevane skal oppnå når vi tek omsyn til føresetnadane til eleven.

For å ta stilling til elevgrunnlaget, ser Utdanningsdirektoratet på elevens tidlegare resultat og/eller familiebakgrunn (foreldres utdanning, hushaldningsinntekt og innvandringsbakgrunn).

Dette betyr at

  • dersom ein skule har eit faktisk resultat som er i samsvar med forventa resultat, vil skulebidraget vere lik gjennomsnittet som for alle skular i landet – som er null.
  • indikatorar med negativt forteikn betyr at skulen har eit bidrag til elevane sine resultat som ligg under landsgjennomsnittet. Det betyr ikkje at skulen bidreg negativt til elevane sine resultat, men at det er lågare enn landssnittet.
  • indikatorar med eit positivt forteikn betyr at skulen har eit bidrag som ligg over landsgjennomsnittet.

Skulebidraget er med andre ord ein relativ størrelse der alle offentlege grunnskular blir mål opp mot eit landssnitt.

Det vert publisert tal for skular, kommunar og fylke. Fordi indikatorane skal brukast til lokalt kvalitetsarbeid av skuleeigar, er berre dei offentlege skulane med i kommunetala.

Kor sikre kan vi vere?

Vi må vere forsiktige ved samanlikning av resultat som er basert på eit lite tal elevar.

Éin elev som har svært gode eller svært dårlege resultat, vil påverke gjennomsnittet mykje meir på ein liten skule enn på ein stor skule.  Desto fleire elevar eit gjennomsnittsresultat er basert på, jo sikrare kan vi vere på gjennomsnittet. Det er difor laga eit usikkerheitsintervall som skal vise kor sikre Utdanningsdirektoratet er på at skulen sitt bidrag varierer frå landssnittet.

Her finn du skulebidragsindikatorar for grunnskulen per 3. april 2020 

Utdanningsdirektoratet sin analyse av skulebidragsindikatorar for grunnskulen 2018+19

Les meir om skulebidragsindikatorar for grunnskulen

På SKOLEPORTEN.no finn ein dei ulike skulebidragsindikatorane

I Skoleporten får ein ikkje opp kommunetal i dei nye samanslåtte kommunane i Vestland. Her må ein ned på skulenivå for å få fram resultata.

1.- 4. trinn 

5.- 7. trinn

8.- 10.trinn

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.