Nasjonale prøver for 2020

Resultata frå nasjonale prøver i 2020 er klare. På 5. og 8. trinn gjer Vestland det likt med landssnittet i engelsk og rekning, medan vi scorar noko lågare enn snittet i lesing. På 9. trinn gjer elevane i fylket det betre enn snittet i både lesing og rekning.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.11.2020

Kva er nasjonale prøver?

Føremålet med nasjonale prøver er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Resultata blir publisert på ein skala med eit gjennomsnitt på 50 skalapoeng og standardavvik på 10. Resultata blir i tillegg publisert saman med tala på elevar på kvart meistringsnivå.

Skilnader mellom gutar og jenter

Gutane i Vestland på 5. årstrinn scorar i snitt to skalapoeng høgare i rekning enn jentene. I engelsk scorar gutane eitt skalapoeng høgare enn jentene, medan jentene er eitt skalapoeng betre enn gutane i lesing.

På 8. trinn kan vi òg sjå forskjellar mellom kjønna. Jenter og gutar har same resultat i engelsk, medan jentene scorar tre skalapoeng høgare enn gutane i engelsk. I rekning scorar gutane to skalpoeng høgare enn jentene. Skilnadene held fram også på 9. trinn. Jentene scorar tre skalapoeng høgare enn gutane i lesing, medan gutane scorar tre skalapoeng høgare enn jentene i rekning.

Vestland og resten av landet

På 5. trinn er det samla sett Oslo, Viken og Rogaland som har dei beste resultata. Dei har resultat anten over eller på landssnittet i både engelsk, lesing og rekning. Vestland ligg på snittet i både engelsk og rekning, medan resultata på lesing er eitt skalapoeng lågare enn snittet.

På 8. trinn er det Oslo som skil seg ut med dei beste resultata. Dei scorar høgare enn snittet i både engelsk, lesing og rekning. Vestland er på snittet i engelsk og rekning og eitt skalapoeng lågare enn snittet i lesing.

Elevar på 9. trinn gjennomfører dei same nasjonale prøvene som elevar på 8. trinn. Desse elevane presterer i snitt fire skalapoeng høgare i lesing og tre skalapoeng høgare i rekning enn elevane på 8. trinn. Også på 9. trinn scorar Oslo høgast.

Her finn du meir informasjon om dei nasjonale prøvene

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 5. trinn

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 8. og 9. trinn 2020

Resultat 5. trinn

Resultat 8. og 9. trinn

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.