Karakterstatistikk for grunnskulen

Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2019, er offentleggjorde. Avgangselevane i landet samla fekk i år 0,2 poeng meir enn dei som gjekk ut i fjor. Elevane i Sogn og Fjordane og Hordaland ligg over landssnittet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.08.2019

Auke i grunnskulepoeng nasjonalt

Grunnskulepoeng er eit samla mål for elevane sine karakterar i fag ved avslutninga av 10. trinn – både standpunkt- og eksamenskarakterar. Den nasjonale analysen syner at det har vore ein jamn auke i snittet, både nasjonalt og i mange fylke. Det nasjonale snittet er 42,0 poeng. I Hordaland er snittet 42,1 og i Sogn og Fjordane 42,4 poeng.

Utviklinga dei siste åra:

           
   Kjønn 2015-2016 2016-2017 2017-2018 2018-2019

Nasjonalt

Begge kjønn 41,2 41,4 41,8 42,0
Hordaland fylke Begge kjønn 41,6 41,8 42,3 42,1
Sogn og Fjordane fylke Begge kjønn 41,5 41,6 42,0 42,4

 

Skilnad mellom jenter og gutar

Jentene har hatt ein meir positiv utvikling enn gutane og nasjonalt har dei no eit snitt som er 4,6 poeng høgare enn gutane. I Sogn og Fjordane er skilnaden 4,4 poeng. Jentene har 44,5 og gutane 40,1 poeng. I Hordaland er skilnaden 4,5 poeng. Jentene har 44,4 og gutane 39,9 poeng.

Utviklinga dei siste åra:

   Kjønn 2015-2016 2016-2017 2017-2018 2018-2019
Nasjonalt Gutar 39,0 39,2 39,6 39,7
Hordaland fylke Gutar 39,6 39,7 40,1 39,9
Sogn og Fjordane fylke Gutar 39,2 39,2 39,9 40,1
                 
Nasjonalt Jenter 43,4 43,7 44,1 44,3
Hordaland fylke Jenter 43,7 44,0 44,6 44,4
Sogn og Fjordane fylke Jenter 44,0 44,1 44,3 44,5


Sogn og Fjordane og Hordaland over snittet

Elevane i våre to fylke har over tid hatt gode skuleresultat. Utviklinga syner at elevane etter kvart vert meir like elevane frå mange av dei andre fylka i landet. Det er små skilnader mellom fylka. Sju fylke, Akershus, Oslo, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Oppland og Troms har i år resultat over landssnittet.

Gjennomsnittelege karakterer for 10. trinn 2018-2019

   Standpunkt Skriftleg eksamen Munnleg eksamen
Engelsk skriftleg nasjonalt 4,0 3,8   
Engelsk skriftleg Hordaland 4,0 3,9   
Engelsk skriftleg Sogn og Fjordane 4,0 3,9   
           
Engelsk munnleg nasjonalt 4,3    4,6
Engelsk munnleg Hordaland 4,3    4,6
Engelsk munnleg Sogn og Fjordane 4,3    4,6
                 
Matematikk skriftleg nasjonalt 3,7 3,6  
Matematikk skriftleg Hordaland 3,7 3,6  
Matematikk skriftleg Sogn og Fjordane 3,8 3,8  
       
Matematikk munnleg nasjonalt       4,2
Matematikk munnleg Hordaland       4,2
Matematikk munnleg Sogn og Fjordane       4,4
           
Norsk hovudmål nasjonalt 3,9 3,4  
Norsk hovudmål Hordaland 3,9 3,4  
Norsk hovudmål Sogn og Fjordane 3,8 3,4  
           
Norsk sidemål nasjonalt 3,8 3,1  
Norsk sidemål Hordaland 3,8 3,1  
Norsk sidemål Sogn og Fjordane 3,9 3,3  
       
Norsk munnleg nasjonalt 4,3   4,5
Norsk munnleg Hordaland 4,3   4,6
Norsk munnleg Sogn og Fjordane 4,2   4,7

Kommunane må nytte resultata i kvalitetsarbeidet

Det er viktig at kommunane og dei private skulane nyttar dei årlege statistikkane i Utdanningsdirektoratet sine statistikkportalar – grunnskulepoeng, standpunkt- og eksamenskarakterar, nasjonale prøver og Elevundersøkinga til interne prosessar i arbeidet med kvalitetsutvikling. Det er nyttig å vurdere resultata over tid.
I skular og kommunar med små elevkull, kan resultata variere mykje frå år til år. Målet må vere å gjere det samla opplæringstilbodet på skulane så godt som mogeleg for den einskilde eleven.

Meir om statistikken

Dei samla resultata frå årets karakterstatistikk finn ein i Skoleporten.no.

Utdanningsdirektoratet sin analyse av årets statistikk.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.