Informasjon om opning av barnehagar og skular

Her finn de informasjon om gjenopninga av barnehagar og skular, tilbod for barn av føresette med kritiske samfunnsfunksjonar, og foreldrebetaling for barn i barnehage og SFO.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.04.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Gjenopning

Barnehagane gjenopnar frå 20. april og seinast 27. april. 1.-4. trinn i skulen og SFO frå 27. april. Vidaregåande skular opnar òg for elevar på VG3 som følgjer yrkesfaglege løp i skule og yrkesfagelevar på VG2.

Nødvendige smitteverntiltak skal vere på plass

Ein føresetnad for gradvis opning er at barnehageeigarar og skuleeigarar syter for smittevernfagleg drift. Barnehagane kan bruke tida fram til 27. april for å førebu opninga dersom dei treng det.

Det er viktig for Kunnskapsdepartementet at både foreldre, barn og føresette er trygge på at gjenopninga skjer på ein forsvarleg måte. Det blir no arbeidd med å lage konkrete rettleiarar og opplæringsopplegg for å unngå smitte. Dette skal sikre at dei tilsette er trygge på korleis dei skal ivareta smittevernet.

Det er eit mål for regjeringa at alle elevar skal få kome attende til skulen før sommaren, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet 7. april.

Gjenopninga er nasjonalt styrt

Den gradvise opninga av barnehagar og skular skjer innanfor nasjonale rammer. Det medfører mellom anna at dersom det oppstår stor smittespreiing innanfor bu- og arbeidsmarknadsregionar, så vil det bli vurdert å gjeninnføre regionale tiltak.

Barn i risikogrupper og barn som lever saman i familiar i risikogrupper skal ikkje møte på skulen. Desse elevane vil framleis få fjernundervisning.

Barnehage- og skuleeigarar skal framleis gje eit barnehage- og skuletilbod til alle utsette barn og unge, også dei over 4. trinn.

Les pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet datert 7. april 2020.

Kritiske og viktige samfunnsfunksjonar

Personell i verksemder med kritiske og viktige samfunnsfunksjonar kan få tilbod om barnehage- og skuleplass. Tilsette i barnehagar og tilsette på 1.–4. trinn i skulen er frå 13. april 2020 regna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Dei kan difor også få tilbod om plass.

Det er no tilstrekkeleg at éin av dei føresette arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresette, men der den eine føresette er i samfunnskritisk funksjon, kan det også bli gjeve tilbod om plass.

Les meir om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Gjeninnfører foreldrebetaling for barn i barnehage og SFO

Når barnehagane og SFO gradvis opnar igjen, blir det foreldrebetaling som vanlig. Foreldre skal betale frå den dagen dei igjen får tilbod om plass. Barn som allereie har eit tilbod i barnehagen eller i SFO, skal betale frå 14. april.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.