Framleis mogleg å melde inn kandidatar til Dronning Sonjas skulepris

Fristen er 16. august 2019.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.08.2019

Hennar Majestet Dronninga. Foto : Jørgen Gomnæs /Det kongelege hoff

Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å nominere kandidatar til Dronning Sonjas skulepris.

Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til denne prisen for inkludering og likeverd i 2005. Prisen delast ut kvart år og vinnarskulen får eit diplom, kr. 250 000 og eit kunstverk utforma av Hennar Majestet Dronning Sonja. Alle nominerte skular vil få eit diplom, som utmerking for at dei er valde som gode representantar frå fylka.

Kriteria for prisen

  • Skulen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • Skulen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggheit og fellesskap.
  • Skulen er kjenneteikna av positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Nominasjonsprosessen

Fylkesmannen skal nominere kandidatar til prisen og oppmodar difor skuleeigarar til å melde sine skular som kandidatar. Skulen treng ikkje vere "perfekt" for å bli nominert. Det er viktig at juryen får eit godt utval av kandidatar å velgje mellom. Det er mogleg å melde inn kandidatar frå tidlegare år.

Utdanningsdirektoratet har laga eit skjema som skulane kan nytte når dei gjer greie for korleis dei arbeider med likeverd og inkludering. Skjema for nominasjon og meir informasjon om prisen finn ein på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Skjema må skrivast ut og sendast inn til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller som eit vedlegg til e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no innan 16. august 2019. Merk med Dronning Sonjas skulepris 2019.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.