Foreldrebetaling for SFO

Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål om foreldrebetaling i samband med koronasituasjonen, for dei med samfunnskritiske funksjonar.

Det er fleire som lurer på om foreldre med samfunnskritiske funksjonar som treng SFO-plass, men som ikkje normalt har avtale om plass, skal betale for denne. Utdanningsdirektoratet har i eit brev til Fylkesmannen gitt eit svar på dette spørsmålet. Du finn svarbrevet i høgre blokk. Du finn også meir informasjon om foreldrebetaling på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.