Fleire søkjer yrkesfag i Vestland

Søkjartala til vidaregåande opplæring er klare, og tendensen er at fleire søkjer yrkesfag no enn tidlegare. Særleg positivt er det å sjå at det er jentene som står for ein stor del av denne auken.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.03.2020

Teknikk og industriell produksjon er populært blant jentene

Fleire jenter over heile landet søkjer no til dei tradisjonelle mannsdominerte utdanningsprogramma som bygg- og anlegg, elektro og teknikk og industriell produksjon (TIP). Særleg TIP har vist seg å vere populært blant jentene i år.

- Regjeringa har i fleire år jobba med å få fleire til å søkje yrkesfag, og no kan det sjå ut til at strategien bærer frukter, seier Mats Petter Sydengen, seksjonsleiar ved Fylkesmannen i Vestland.

No er det berre helse- og oppvekstfag som har fleire kvinnelege søkjarar enn TIP blant yrkesfaga. Tala frå helsefag viser at litt færre jenter søkjer i år, medan talet på gutar som søkjer er stabilt.

Studiespesialiserande mister søkjarar

Studiespesialisering er framleis det mest populære utdanningsprogrammet både i Vestland og landet for elles, men i år ser vi også at dette er det utdanningsprogrammet som har mista flest søkjarar samanlikna med tidlegare år. I fleire år har søkjartalet gått kraftig opp, medan det i år berre er 132 fleire søkjarar til studiespesialiserande enn til yrkesfaglege utdanningsprogram i Vestland.

Alle læreplanar i skulen blir fornya og tatt i bruk trinnvis frå hausten 2020

Frå og med hausten 2020 blir læreplanreforma «Fagfornyinga» innført. Innhaldet i faga blir nytt slik at det elevar og lærlingar lærer blir meir relevant. Opplæringa skal også bli meir framtidsretta, slik at den kan møte behovet i arbeidslivet betre med den kunnskapen og kompetansen som vi treng i framtida.

- Ingen veit heilt kva det faktisk er behov for av kompetanse framover, men med Fagfornyinga vil elevane få eit enno betre utgangspunkt for å møte framtida, seier Sydengen.

Nokre av endringane for dei nye læreplanane er eit grønt skifte for yrkesfaga, der berekraftig utvikling har fått ein sentral plass. Det vil og vere mogleg for elevane å spesialisere seg tidlegare og det vil bli lagt meir vekt på teknologi, slik at kunnskapen er meir relevant for arbeidslivet dei møter.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.