Barn som bur i utrygge heimar skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod

Barn under omsorg av foreldre med psykisk liding og/eller rusliding skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.03.2020

Ved stenging av skular og barnehagar, vil barn av psykisk sjuke (og dei med rusproblematikk) vere med foreldra gjennom døgnet. Det er bekymring at desse foreldra ikkje vil meistre døgnkontinuerleg omsorgsbyrde og at det er auka fare for omsorgssvikt og symptomtrykk hos foreldra.

Helsedirektoratet tilrår at det blir gjort tydeleg overfor skuleleiinga og barnehagestyrar i kommunane at barn av psykisk sjuke og dei med rusliding, får høve til å vere på skulen og i barnehagen på lik linje med barn av personar med samfunnskritiske oppgåver. Denne vurderinga kan også skje ved at kontaktlærar og pedagogisk leiar som kjenner barnet og familien, kontaktar desse og seier at barnet skal komme til skulen/barnehagen.

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.