Skulen si plikt til å undersøke i skulemiljøsaker

Fylkesmannen har det siste året fått om lag 160 meldingar om at elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Vi har då vurdert om skulane har oppfylt pliktene sine etter opplæringslova § 9 A-4. 

Undersøke før tiltak

Vi erfarer at skulane i mange tilfelle ikkje undersøker sakene godt nok før dei set inn tiltak. Gode undersøkingar skal utgjere grunnlaget for ein aktivitetsplan. Mange saker gjeld elevar som er særskilt sårbare, og det er då særleg viktig at det blir sett inn tiltak som er forankra i grundige undersøkingar. Undersøkingane skal føre til tiltak, og skal ikkje vere eit eige tiltak i aktivitetsplanen.

Snakke med eleven

Eit utgangspunkt for undersøkinga vil vere å snakke med den eleven som ikkje har det bra på skulen. Alle elevar har ein sjølvstendig rett til å bli høyrt, uavhengig av samtykke frå føresette. For å sikre at høyringa blir reell, må eleven få snakke med ein vaksen som han eller ho har tillit til. Involverte medelevar har også ein rett til å bli høyrt, og skulen må difor sørge for å høyre medelevar der kor det er aktuelt. Ingen elevar er pliktige til å uttale seg.

Kartlegge relasjonar

I mange saker ser vi at klassemiljøet og relasjonar mellom elevar ikkje er godt nok undersøkt. Dette kan betrast med å nytte til dømes ikkje-anonyme undersøkingar. Fylkesmannen har ikkje sett mange døme på slik kartlegging av relasjonar, men har erfart at det kan gje skulen eit betre grunnlag for å finne gode tiltak. Vi ser også at det i mange saker er naudsynt å ha kunnskap om tilhøva i friminutt, og i overgangssituasjonar mellom skuleplass og klasserom. Sjølv om skulen ikkje er ansvarleg for hendingar på fritida, er det i nokre tilfelle nødvendig å snakke med elevar om kva som har skjedd på sosiale media. 

Dokumentere

I dei aller fleste sakene ser vi at skulane ikkje dokumenterer undersøkingane tilstrekkeleg. Til dømes er det ofte ikkje dokumentert kva som har kome fram i samtalar med elevar. Skulane må skriftleg dokumentere kva for undersøkingar som er gjort, og kva undersøkingane viser. Tilstrekkeleg dokumentasjon medverkar til at skulen kan gjere ein god analyse av saka, og dermed sette inn adekvate tiltak for å sikre eleven eit trygt og godt skulemiljø.