Nye reglar om skulebyte – opplæringslova § 9 A-12

1. august 2019 er det sett i verk nye reglar om skulebyte som gjeld for vidaregåande opplæring. Dette inneber at skuleeigar i den vidaregåande skulen kan flytte ein elev til ein annan skule, dersom åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.08.2019

Bakgrunnen for regelendringane

Etter den tidlegare føresegna i opplæringslova kunne skuleeigar i grunnskulen gjere vedtak om skulebyte i slike situasjonar. Føresegna er no flytta til opplæringslova § 9 A-12. Departementet slår fast i lovforarbeida at dette ikkje skal innebere ei realitetsendring for skulebyte i grunnskulen, og terskelen vil vere den same sjølv om det er gjort endringar i lovteksten. Det nye er at regelen no også skal gjelde for den vidaregåande skulen. Skuleeigar i den vidaregåande skulen kan gjere vedtak om skulebyte, dersom oppførselen til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.


Tidlegare har skuleeigar berre hatt heimel til å bortvise ein elev for resten av skuleåret i den vidaregåande skulen. Ei slik bortvising kan gjerast dersom eleven har brote skulen sitt ordensreglement, og desse brota er særleg alvorlege. Departementet ser det som føremålstenleg å kunne pålegge skulebyte i vidaregåande opplæring. Den nye føresegna gir skuleeigar eit verkemiddel til å verne om elevar som vert utsett for alvorlege krenkingar frå medelevar. Samstundes skal eleven som vert flytta sikrast kontinuitet i opplæringa. Eleven skal kunne halde fram med same utdanningsprogram og programområde.

Høg terskel for skulebyte

Å flytte ein elev til ein annan skule er ein svært inngripande reaksjon, og kan berre nyttast i dei mest alvorlege tilfella. Døme på dette kan vere mobbing og alvorlege krenkingar. Skulebyte skal vere siste utveg, og skulen pliktar først å prøve ut andre tiltak. Departementet påpeikar likevel i forarbeida at det i heilt ekstraordinære tilfelle kan vere riktig, av omsyn til dei andre elevane, at andre tiltak ikkje alltid blir prøvde før skulebytet. Som døme på slike situasjonar nemner departementet tilfelle der ein elev har opplevd eit grovt seksuelt overgrep frå ein medelev, drapsforsøk eller andre ekstreme former for vald.


Eit skulebyte kan berre påleggast dersom mindre inngripande tiltak ikkje vil kunne avhjelpe situasjonen. Dersom eit tiltak medfører at situasjonen ikkje lenger er så alvorleg at den når terskelen for skulebyte, kan ikkje denne reaksjonen nyttast overfor eleven. Sjølv om ei sak er så alvorleg at vilkåra for skulebyte er innfridde, kan det likevel ikkje gjerast dersom det medfører at eleven må flytte ut av heimen, eller at dagleg skyss ikkje er forsvarleg.

Sakshandsaminga

Ei avgjerd om skulebyte er eit enkeltvedtak, og skal følge reglane i forvaltningslova. I den vidaregåande skulen er det fylkeskommunen som gjer vedtak om skulebyte, og Fylkesmannen er klageinstans. Kva som er til beste for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn i sakshandsaminga og i vurderinga. Den som gjer vedtak skal rådføre seg med rektor og lærarane til eleven, og sørgje for at eleven blir høyrd.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner