Handhevingsordning for elevane sitt skulemiljø

Fylkesmannen vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagte aktivitetsplikta si i elevsaker, og vi kan vedta tiltak som skulen må setje i verk.

Illustrasjonsbilete

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Fylkesmannen ei veke etter at saka er tatt opp med rektor.

Handhevingsordninga skal sikre at elevar eller foreldre kan få saka si prøvd av ein myndigheit utanfor skulen. Fylkesmannen blir dermed førsteinstans i saker om skulemiljøet til elevane.

Fylkesmannen skal, når ei sak blir meldt, vurdere om skulen har oppfylt aktivitetsplikta si. Fylkesmannen skal utgreie saka, drive fram handling og følgje opp saka. Fylkesmannen fattar vedtak som fortel om eleven får medhald og kva tiltak skulen må gjennomføre.

Det er sett tre vilkår for at Fylkesmannen skal behandle saka:

  • saka blir meldt inn av elev, eller foreldre til eleven, som ikkje har det trygt og godt på skulen
  • saka er tatt opp med rektor, og det er minst fem dagar sidan saka blei varsla til rektor
  • saka gjeld skulemiljøet på den skulen eleven går no

Frå 1. januar 2019 vart Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland slått samen til eit embete, Fylkesmannen i Vestland. Det nye embete skal mellom anna vareta rolla som handhevingsmynde for elevane sitt skulemiljø for alle elevane i dei to fylka.