Eksamen

Illustrasjonsfoto av litteratur. Fylkesmannen i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular.
Illustrasjonsfoto av litteratur. Fylkesmannen i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular.

Fylkesmannen har som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale systemet som gjeld eksamen.

Oppgåvene går ut på sensur for skriftleg eksamen i grunnskolen og grunnskoleopplæring for vaksne, og eksamen og klagebehandling for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring.

Skriftleg eksamen

  • oppnemning og skulering av sensorar
  • fordeling av sensorane i eksamenssystemet
  • innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
  • organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
  • medverke til å utarbeide karakterstatistikk
  • økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga
  • rettleie skular, skuleeigarar og sensorar i bruk av PAS-eksamen og prøvegjennomføringssystemet PGS

Munnleg eksamen:

Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen som skuleeigar har ansvaret for. For meir informasjon sjå Utdanningsdirektoratet si side om munnleg eksamen.

Klage på eksamen

Skriftleg eksamen: Fylkesmannen i Vestland er ikkje klageinstans for eksamensfag i grunnskulen. Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skular og skuleeigarar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.

Munnleg eksamen: Fylkesmannen er klageinstans for klager i alle fag frå skular i Vestland.

Vidaregåande opplæring: Fylkesmannen i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular, mellom anna språkfaga engelsk, tysk, fransk og spansk. I tillegg også samfunnsfagkodar og realfagskodar.

Sjå elles meir informasjon om eksamen på  Utdanningsdirektoratet sine sider .


22.04.2020

Privatisteksamen blir gjennomført

Regjeringa avgjorde 21. april 2020 at sentralt gitt eksamen for privatistar vil bli gjennomført.

26.03.2020

Alle eksamenar er avlyst

25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.

28.01.2020

Oppmannsrapportar skriftleg eksamen i grunnskulen 2019

Rapportane kan vere nyttige i arbeidet med å førebu elevar og faglærarar framfor årets eksamen i mai.

28.01.2020

Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring

Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.


Aktuelt

Kontakt oss om eksamen:

eksamenvestland@fylkesmannen.no 


Eksamen grunnskule

Her vil etterkvart du finne aktuelle dokument.


Eksamen vidaregåande skule

Her vil du etterkvart finne aktuelle dokument.