Smittevernrettleiar for barnehagar

Barnehagar skal gjenopnast frå 20. april. Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for smittevern i barnehagane.

Den nye rettleiaren gir råd og støtte til barnehagar i koronakrisa, og tre punkt som er viktige å følgje for å bremse smittespreiing:

  • Sjuke barn og vaksne skal ikkje vere i barnehagen
  • God hygiene
  • Redusert kontakthyppigheit mellom personar

Det er barnehageeigar som er ansvarleg for å sikre at barnehagedrifta skjer i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Barnehageeigar må sørge for opplæring i smitteverntiltak for tilsette i barnehagen. Derfor har rettleiaren ei sjekkliste for barnehageleiarar om kva tiltak som må vere på plass før gjenopninga.

Sjå smittevernrettleiaren og meir informasjon om opninga på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.