Ingen foreldre skal betale for barnehage og SFO

Foreldre som mottar tilbod etter unntaksreglane skal heller ikkje betale for barnehage og SFO, så lenge det ordinære tilbodet er stengt grunna konorautbrotet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.03.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Utdanningsdirektoratet har mottatt fleire spørsmål knytt til betaling for barnehage og SFO for dei foreldra som mottar tilbod etter unntaksreglane.

Det er bestemt at ingen skal betale for plassen, heller ikkje dei gruppene som får plass etter unntaksreglane. Dette skal gjere ordninga enklare å handtere. Foreldrebetalinga frå desse skal kompenserast i tilskotsordninga på vanleg måte. Les meir om tilbodet og unntaksreglane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.