Endringar i barnehagelova frå 1. januar 2021

Stortinget har vedtatt endringar i barnehagelova. Det er mellom anna vedtatt føresegner om internkontroll, tilsyn, psykososialt barnehagemiljø, og regulering av private barnehagar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2020

Endringane i barnehagelova trer i kraft 1. januar 2021, med unntak av lovas del IV, ny § 56 i barnehagelova, om økonomisk tilsyn.

Følgjande endringar er no vedtatt:

  • Barnehagen skal arbeide førebyggande og kontinuerleg for å fremme helsa, trivselen, leiken og læringa til barna, og forhindre og gripe inn mot krenkingar.
  • Barnehagane har fått ei aktivitetsplikt som skal sikre at barnehagen handlar raskt og riktig når eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Alle som arbeider i barnehagen, skal melde frå til barnehagens styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Saka skal undersøkast, og det skal settast inn tiltak og utformast ein aktivitetsplan.
  • Barnehageeigarar skal ha internkontroll med barnehagen si verksemd for å sikre at barnehagen oppfyller krava i barnehagelova med forskrifter.
  • Kommunen skal likebehandle kommunale og private barnehagar når den utfører oppgåver som barnehagemyndigheit.
  • Utdanningsdirektoratet skal føre tilsyn med økonomiske forhold i private barnehagar.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.