Endra reglar for opptak i barnehage

Barnehagelova §12 a om at kommunen skulle ha minimum eitt opptak i året blei fjerna våren 2016. Som følgje av dette blei sakshandsamingsreglar  for opptak i barnehage endra  frå 1. januar 2019.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.01.2019

Illustrasjonsfoto barnehagebarn om vinteren

«Hovudopptak» og «supplerande» opptak er fjerna slik at forskrifta til barnehagelova harmonerer med rett til barnehageplass. Ei målsetjing med endringa er at regelverket ikkje skal legge føringar for kommunen om tal opptak i året, og gje større fleksibilitet i opptaksprosessen.

Følgjande paragrafar i forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage er endra:

§ 3 om tildeling
§4 om rett til å grunngje
§ 6 om klagerett

Det er i tillegg ny føresegn i § 3 a, som gjeld barn med rett til prioritet ved opptak etter § 13 i barnehagelova. Tillegget synleggjer dei rettane desse barna har ved opptak i barnehage.

Dette er mindre endringar som ikkje medfører endring i kommunen si organisering av opptak i barnehage. Kommunen kan , om dei ønskjer det, halde fram med å kalle det for «hovudopptak» og «supplerande opptak»

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.