Saksbehandling ved inhabilitet i barnevernstenesta

Dersom det på grunn av inhabilitet ikkje er nokon i kommunen som kan behandle saka, kan Fylkesmannen overføre saka til ein annan kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2020

Utgangspunktet er at den som skal behandle ei sak må vere habil, og at inhabilitet kan føre til at avgjerder vert ugyldige. Det gjeld unntak frå dette når det hastar å ta avgjerd. Kommunen må kontakte Fylkesmannen dersom det er nødvendig å overføre saka til ein annan kommune.

Saker som hastar

Barnevernstenesta må alltid gjere hastevurderingar. Der det er nødvendig, må barnevernstenesta gjere hastevedtak. Forvaltningslova § 7 slår fast at ein tenestemann som er inhabil kan behandle eller ta førebels avgjerd i ei sak, dersom utsetting ikkje kan skje utan vesentleg ulempe eller skadeverknad. Dette gjeld til dømes for mellombelse vedtak i akuttsituasjonar.

Krav om å vurdere habilitet

Til vanleg avgjer den tilsette sjølv om han eller ho er habil, sjå forvaltningslova § 8. Bakgrunnen for denne regelen er at tenestemannen sjølv veit best kva tilknyting han har til saka eller partane i saka. Tenestemannen skal leggje habilitetsspørsmålet fram for sin næraste overordna for avgjerd, dersom ein part krev det og det ikkje vil føre til at mykje tid går tapt, eller dersom tenestemannen sjølv meiner det er grunn til det.

Når barnevernleiaren er inhabil

Ved inhabilitet skal kommunen om nødvendig finne ein annan tenestemann som kan behandle saka, sjå forvaltningslova § 9. Dersom barnevernsleiaren er inhabil, kan ein saksbehandlar som ikkje er inhabil, førebu saka, men ikkje ta avgjerd, sjå forvaltningslova § 6 tredje ledd. Kommunen kan bestemme at ein overordna eller sideordna leiar skal ta avgjerd i saka i staden for barnevernsleiaren, sjå forvaltningslova § 9 første ledd.

Når ingen i kommunen kan behandle saka

Dersom det på grunn av inhabilitet er vanskeleg å finne nokon i kommunen som kan behandle saka, kan Fylkesmannen ta avgjerd om å overføre saka til ein annan kommune. Dette går fram av forvaltningslova § 9 andre ledd og delegasjon frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 16. februar 2011.

Kontakt med Fylkesmannen om overføring av sak

Når ein kommune kontaktar Fylkesmannen om overføring av ei sak, må kommunen ved oversending av saka til Fylkesmannen gjere greie for inhabilitetsvurderingane sine og kvifor det er særleg vanskeleg å finne representant.

Ansvar for saka etter overføring

Dersom Fylkesmannen overfører saka til ein annan kommune, har den kommunen som får saka overført, ansvaret for vidare behandling av saka. Barnets opphaldskommune er ansvarleg for dei økonomiske kostnadene med saka, med mindre kommunane avtalar noko anna. Dette går fram av brev 23. desember 2011 frå departementet til Fylkesmannen i Hedmark og brev 29. april 2016 frå Bufdir til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.