Læringsnettverk for barneverntenestene i Vestland

Her kan kommunane, kompetansemiljøa, prosjektgruppene og andre interesserte finne informasjon om aktivitetar i regi av læringsnettverka i Vestland. I tillegg finn de informasjon om arrangement, pågåande utviklingsprosjekt, retningslinjer og søknadsfristar for å søke om stimuleringsmidlar til nye utviklingsprosjekt.

I perioden 2018 – 2024 har regjeringa bestemd ei stor satsing på kommunal barnevernteneste. Eit av tiltaka i regjeringas kompetansestrategi er å stimulere til etablering av lokale læringsnettverk for barneverntenestene over heile landet. I 2018 vart det etablert to læringsnettverk i Vestland, eit i Hordaland og eit i Sogn og Fjordane.

Formål

Formålet med læringsnettverka er å bidra til at kommunane samarbeider på tvers av kommunegrensene om kvalitetsutvikling med utgangspunkt i lokale behov og forhold. Samarbeidet skal styrke kommunane si oppfølging av utsette barn og familiar gjennom utvikling av lokale tenester og tilbod. Læringsnettverk har vidare som mål å bidra til etablering av sterkare fagfellesskap.

Læringsnettverka

Læringsnettverka består av leiarar og ressurspersonar frå dei kommunale barneverntenestene, kontaktpersonar frå ulike kompetansemiljø og brukarorganisasjonar med interesse for barnevern, KS og Fylkesmannen.

Stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt

Kvart år i prosjektperioden kan kommunane i nettverket gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å iverksette utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barneverntenester til dei barna og familiane som treng det. Fylkesmannen behandlar søknadane. I 2019 kan kommunane søke på to ulike pottar:

  • 1 750 000,- til eigeninitierte prosjekt der kommunane har identifisert eit behov
  • 3 500 000,- til styrking av fosterheimsarbeidet i kommunane

Søknadsfristen for å søke om stimuleringsmidlar er 1. november 2019, pengane må nyttast  av kommunane innan utgangen av 2020. Retningslinjer for å søke om stimuleringsmidlar.  

Utviklingsprosjekt

I 2018 vart det starta opp tre utviklingsprosjekt i Vestland. Kvart utviklingsprosjekt har ein vertskommune, og ei prosjektgruppe. Du finn meir om dei ulike prosjekta under rubikken om pågåande utviklingsprosjekt i læringsnettverka.

Fellessamlingar

Læringsnettverka samlar seg to gongar i året, då inviterast leiarar og ressurspersonar frå alle kommunane i Vestland, kompetansemiljøa, brukarorganisasjonane, KS, prosjektgruppene og Fylkesmannen. Det blir òg arrangert samlingar retta mot sakshandsamarar knytt til relevante tema i dei pågåande utviklingsprosjekta. Sjå under rubikken "arrangement for læringsnettverka" for kommande samlingar og arrangement. 

Styringsgruppa

Styringsgruppa for læringsnettverket består av en representant frå kommunane som er vertskommune for pågåande utviklingsprosjekt, ein representant frå kompetansemiljøa og ein representant frå Fylkesmannen. 

Ressursgruppa

Ressursgruppa for læringsnettverket består av kontaktpersonane for dei ulike kompetansemiljøa, brukarorganisasjonane, og ein representant frå kommunen, KS og Fylkesmannen. 

Om de har spørsmål eller innspel til læringsnettverket kan de kontakta oss.