Kompensasjon til næringsdrivande fastlegar ved sjukefråvær knytt til koronaviruset

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har fått 4 456 000 kroner til fordeling. Tiltaket gjeld ut 2020. Kommunane blir oppmoda om å søkje snarast råd og innan 15. desember 2020.

Mål for ordninga

Fastlegane er ein viktig gruppe i arbeidet mot covid-19. Fastlegane er utsette for smitte og påfølgjande karantene. For sjukefråvær som skuldast smitte eller mistanke om smitte av koronavirus har andre grupper av sjølvstendig næringsdrivande no rett til sjukepengar frå 4. fråværsdag og maksimalt om lag 2 000 kroner per fråværsdag.

Kommunane vil bli kompensert for meirutgifter knytt til å gje fastlegar som ikkje har forsikring for sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden ein praksiskompensasjon på  9 752 kroner per fråværsdag dersom legen under legearbeid har blitt smitta av koronavirus eller som følgje av risiko for å ha fått smitte, må ut av jobb og i karantene.

Kommunane må føre oversikt over desse ekstra utgiftene der det går fram namn og talet på dagar per fastlege som det blir søkt kompensasjon for. Utskrift frå regnskapssystemet må følgje med søknaden.

Søknadsbehandling

Behandling av søknader og utbetaling av tilskot blir gjort fortløpande. Naudsynt dokumentasjon skal gå fram av søknaden.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden. Sjå vedlagt regelverk som du finn under «Dokument».

Rapportering

Dette er ei refusjonsordning utan krav til rekneskapsrapportering frå tilskotsmottakar.

Fylkesmannen forvaltar tilskotet på vegne av Helsedirektoratet. Innan 1. mars 2021 skal vi rapportere til Helsedirektoratet om kor mykje av den tildelte ramma som er fordelt til kommunane.

Send søknaden som e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg. Merk søknaden med vårt saksnummer 2020/8353.

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
15.12.2020 23:59:00
Målgruppe:
Kommunane i Vestfold og Telemark
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelinga, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestfold og Telemark