Forureina grunn og sjøbotn: Middel til opprydding

Miljødirektoratet forvaltar middel til oppryddingstiltak i forureina grunn og sjøbotn. Fristen for å søka om middel for 2021 er 15. oktober 2020.

Kriterium for tildeling

Midlene skal hovudsakleg brukast til:

  • Arbeidet med å rydda opp i forureina grunn.
  • Opprydding i forureina sjøbotn, primært dei 17 kyst- og fjordområda som er prioriterte for opprydding (jamfør stortingsmelding nr. 14, 2006-2007, Sammen for eit giftfritt miljø)

Tildeling av middel blir vurdert ut frå miljøomsyn, prioriteringa til området og dei kriteria som er gitt i kapittel 1420 post 39, 69 og 79 i Den årlege budsjettproposisjonen til klima- og miljødepartementet.

Kven kan søka?

Målgruppa for tildeling av midla er tiltakshavere, private og offentlege aktørar som er ansvarlege for område på land eller i sjø der det må ryddast opp for å redusera spreiing av miljøgifter til menneske og miljøet.

Fristen for å senda Miljødirektoratet søknad om statlege middel frå post 39, 69 og 79 på budsjettet for 2021 er 15. oktober 2020.

Søknaden sendes til:

Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim,
eventuelt elektronisk til post@miljodir.no 

 

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
15.10.2020 00:00:00
Målgruppe:
Tiltakshavere, private og offentlege aktørar
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Tiltakshavere, private og offentlege aktørar

Kontaktpersoner