Smittverns- og oppfølgjingsarbeid for personar med rus- og psykiske helseproblem

Det er satt av 4,16 millionar kroner i ekstra tilskot til kommunane i Vestfold og Telemark. Pengane skal gå til oppfølgjingsarbeid for personar med rus- og samtidige psykiske helseproblem. Det er særs kort søknadsfrist: 29. juni 2020.

Bakgrunnen for ekstratilskotet er at koronaepidemien gjorde at ein stor del av tenestetilbodet vart redusert eller stengd på grunn av smittevernhensyn. Målet med tilskotsordninga er gjenåpning, etablering og tilpassing av tenestetilboda til målgruppa.


Helse- og omsorgsdepartementet har som mål at tilskota skal medføra tilgjengelege og gode tenestetilbod så raskt som mogleg, og at tiltak er på plass innan avvikling av sommarferien.

Fylkesmannen skal behandle søknadene frå kommunane og sender ei samla innstilling til Helsedirektoratet innan 1. juli 2020.

Sidan det hastar med å få midla ut og å få etablert tiltaka, er frist for søknad om tilskotsmiddel noko kort.

Kommunane må senda kortfatta søknader (basert på skildring av utfordringsbilde og tiltak, og forventa talet på brukarar) til Fylkesmannen innan 29. juni 2020.

Eit av kriteria for tilskotsordninga er at store byar og kommunar med opne russcener skal prioriterast.

Totalt i ordninga er det bevilga 50 millionar over revidert nasjonalbudsjett. 

Sjå nærare regelverk for tilskotsordninga i boksen "Dokumenter" til høgre for artikkelen. 

Søknadsfrist:
29.06.2020 16:00:00
Målgruppe:
Personar med rus- og eventuelt samanfallande med psykiske helseproblem
Ansvarlig:
Helsedirektoratet/Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.04.2021 23:00:00