Skjerpa anbefalingar for reisande til og frå Oslo

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark anbefaler befolkninga i fylket å unngå kollektivtransport til og frå Oslo. Om ein må reise til eller frå Oslo anbefalast det at ein bruker munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand. Vidare oppfordrast dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo, til å bruke heimekontor i staden for å reise.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2020

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har i formiddag vore i møte med leiinga frå kommunane i fylket. Formålet med møtet var å skape ei felles haldning til korleis me skal forhalde oss til det auka smittetrykket i Oslo og i vårt eige fylke. I møtet vart særleg pendling til og frå Oslo tematisert.

Me vart einige om at dei anbefalingane Folkehelseinstituttet har kome med til kommunar som har nær kontakt med Oslo gjennom pendling skal følgjast når det kjem til reiser til og frå Oslo. Det betyr at me no anbefaler følgjande:

  • At befolkninga unngår kollektivtransport til og frå Oslo.
  • At ein bruker munnbind på reiser til og frå Oslo der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Vidare oppfordrar me dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo for å kome til arbeidsplassen sin, til å bruke heimekontor i staden for å reise.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.