750.000 kroner til arbeidet mot arbeidslivskriminalitet

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har løyvd 750.000 kroner for å fremme det seriøse, kvite næringslivet.

I bygge- og anleggsbransjen har kriminelle og useriøse verksemder lenge vore eit problem. Kommunane skal bli betre i kontrollen og oppfølginga si av kommunale bygge- og anleggsprosjekt. Tilskotet frå Fylkesmannen skal finansiere ein prosjektkoordinator i Horten kommune, på vegne av fleire kommunar.

Tiltaket er ein del av «Medbyggerne», eit mangeårig samarbeid mellom bedrifter i bygg- og anleggsbransjen, laug, handverkarforeiningar, næringsforeiningar og byggevarehus, offentleg forvaltning, LO og NHO i Vestfold og Telemark.