400 000 til å greia ut meir bruk av teknologi i heimetenesta

Holmestrand kommune skal saman med bedrifter, kompetanse- og forskingsmiljø utforska og identifisere korleis velferdsteknologi kan brukast for å betre tenestekvalitet og forenkle arbeidsprosessar i heimetenesta.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har løyvd 400 000 kroner til dette arbeidet.

Løysinga omfattar mellom anna elektroniske dørlåser til mottakarar av heimetenester og ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk o.l. for opning av husdører, kopla saman med den elektroniske pasientjournalen til kommunen.