1,6 millionar til digitale tenester i kommunane

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har gitt 1,6 millionar kroner til eit prosjekt for å styrke digitaliseringsarbeidet i kommunane i fylket.

Prosjektet skal avdekka behovet til kommunane for digitale løysingar og tenester for innbyggarane, og leggje til rette for felles løysingar på tvers av kommunegrensene. Eit regionalt samarbeid skal bidra til å styrke digitaliseringsarbeidet i heile Vestfold og Telemark.

Pengane er tildelte frå fornyings- og innovasjonsmidlane.