Nasjonal varslingsprøve

Tyfonanlegg i Tønsberg
Tyfonanlegg i Tønsberg

Onsdag 10. juni klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Sivilforsvaret, som er ein del av DSB, testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet sendast i tre seriar med eit minutts opphold mellom seriane. Signalet tyder at du skal søke informasjon i til dømes radio, tv, aviser, myndigheitane sine nettsider og sosiale medier.

Rundt om i landet er det om lag 1 250 tyfonar som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukte både i fred og krig.

– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna nyttast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlige stoff. I krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Tore Ketil Stårvik, som er sjef for Sivilforsvaret.

Les hele saka på nettsida til DSB her (bokmål): https://www.dsb.no/nyhetsarkiv/2020/sivilforsvaret-tester-tyfonene-10.-juni/

 

Varsling for døve
Frå og med denne varslingsprøva så finst det ein app for døve. Les meir her:
https://www.flexilarm.com/no/flyalarm