Kommunane kan nedleggja bålforbod

Ei endring i føresegn gjev kommunane heimel til å leggja ned forbod mot å gjera opp eld utandørs. Føresegna gjeld heile året og omfattar alle stader innan den einskilde kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.06.2020

Det er eit vilkår for forbodet er at det er stor brannfare eller andre særskilde tilhøve i kommunen.

Heimelen kan lesast i forskrift for brannforebygging §3, og hentast på lovdata.no. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) utviklar ein rettleiar til endringa. Rettleiaren vert publisert på DSB sin nettside

Fylkesmannen vil samstundes minna om det generelle forbodet mot å gjera opp eld eller handsama brannfarlege gjenstandar i nærleiken av skog eller anna utmark i tida mellom 15. april til 15. september. Det generelle forbodet gjeld med mindre kommunen har gjeve løyve til å gjera opp eld eller om det er openbart at det ikkje kan oppstå brann.

Den nye heimelen vil verta evaluert for å vurdera verknad.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.