Fylkesmannen godkjenner lånegaranti for Flinthallen

- Dersom Tønsberg kommune må innfri lånegarantien vil konsekvensane vere handterlege for kommunen. Då blir det ei lokalpolitisk vurdering om kommunen skal gi lånegarantien, seier fylkesmann Per Arne Olsen. Kommunestyre har vedteke at dei ønskjer å gi garantien.

- Vi vurderer at det ikkje kan utelukkast at kommunen må innfri garantien, men det mogelege tapet er av eit avgrensa omfang for ein kommune av Tønsberg sin storleik. Kommunen kan handtere eit slikt tap utan at det får store konsekvensar for økonomien og tenestene til kommunen, seier Per Arne Olsen.

Fylkesmannen har lagt til grunn at det mogelege tapet for kommunen er avgrensa til 32 millionar kroner, og at kommunen sitt potensielle  tap på kort sikt er avgrensa til mellom 1,2 og 1,3 millionar kroner i året. I tillegg kan det kome ein sprekk i byggjekostnadene.

- Samtidig ser vi og strekar under at kommunen har eit omfattande innsparingsbehov. Kommunen må gjennomføre omfattande tiltak for at innsparingane som ligg til grunn i økonomiplanen skal realiserast. Vi vurderer likevel at konsekvensen av å innfri garantien for Flinthallen vil vere handterleg for kommunen. Det blir då ei lokalpolitisk vurdering om kommunen skal gi lånegarantien, seier Olsen. 

Tønsberg kommunestyre vedtok 17. juni å gi Stiftelsen Flint Idrettshall garanti for lån til bygging av ny idrettshall. Kommunale garantivedtak må godkjennast av Fylkesmannen. Fylkesmannens godkjenning er mellom annan ein kontroll av at garantien ikkje inneber ein vesentleg økonomisk risiko for kommunen som kan få store fylgjer for kommunen sine tenester.

Kontaktpersoner