Følg med på vårflaumen

-Vi vil oppmoda folk om å sikre bygningar og anna som ligg tett på elveleia i forbindelse med fare for vårflaum. Det er mykje snø i fjellet som kan smelta på kort tid. Det seier fylkesberedskapssjef Jan Helge Kaiser hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Fylkesmannen oppmodar folk til å følgja med og flytta campingvogner og andre flyttbare gjenstandar i områder som er utsett for flaum. Til dømes kjøretøy, campingvogner, rundballar, plast og anna avfall. Alle som har næringsverksemd eller private som veit at dei er utsett for flaum vil vi råda til å sikra eigendomen. Vêret avgjer, beredskapseiningar og publikum blir oppmoda om å fylgja med på varslinsgportalen Varsom, legg han til. 

Noregs vassdrags og energidirektorat sin (NVE) vårflaumprognose 28. mai visar at det framleis er sannsynleg med vårflaum Sør-Noreg. Utsiktane for Vestfold og Telemark er noko lysare. Korleis vêret blir, er avgjerande. Regulantane av vassdraga  i Vestfold og Telemark har tappa godt ned magasina og er førebudd. Det vi ikkje har så god kontroll på er dei mindre vassdraga som ikkje er regulerte, seier fylkesberedskapssjef Jan Helge Kaiser.  

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark gjennomførte onsdag 27. mai eit beredskapsmøte med kommunane og fylkesberedskapsrådet i Vestfold og Telemark. På møtet deltok NVE med flaumvarslinga, Meteorologisk institutt, vassdragsregulantar, Sivilforsvaret, Heimevernet, politiet, brannvesen, frivillige organisasjonar med fleire. Hensikta med møtet var å få ein status over utsiktene og førebuingane for ein eventuell vårflaum i fylket.

Staten har tildelt kommunane i Vestfold og Telemark 8 millionar kroner til flaumsikringstiltak i år. Hovuddelen av midlane vert nytta til å kjøpa mobilt flaumtryggingsverk i regi av dei interkommunale utvala mot akutt forureining.

-Det er i praksis store pølser som blir fyllt med vatn. Materiellet blir plassert ut fleire stader i fylket og kan setjast opp der behovet er størst. Det er knapt med materiell, som ikkje monnar stort dersom det vert behov fleire stader. Då er det den enkelte eigaren av verksemda eller grunn som må sikra seg sjølv, seier fylkesberedskapssjefen.

Kontaktpersoner