Mindre vekst i lønn og prisar skal redde kommuneøkonomien

Regjeringa kjem ikkje med ytterlegare kompensasjon til kommunane i revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa følgjer nøye med på utviklinga i kommunesektoren, og kjem tilbake til Stortinget med nye tiltak dersom det er naudsynt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.05.2020

Kommunane i Vestfold og Telemark rekna ut at dei fram til midten av april hadde hatt meir enn 75 millionar kroner i meirutgifter som følgje av koronaen. Regjeringa har hittil løyvd rundt 31 millionar kroner for å kompensere dette. Regjeringa foreslår ikkje ytterlegare utgiftskompensasjon til kommunane no. Regjeringa meiner likevel at kommunane kjem godt ut økonomisk av denne situasjonen.

- Regjeringa legg til grunn at lønningane og prisane vil auke mykje mindre i år enn det som er lagt inn i budsjetta til kommunane. Kommunane vil derfor spare pengar. Regjeringa meiner at dette vil vege opp for mykje av ekstrautgiftene til kommunane, og for tap av skatteinntekter.

Dette er likevel usikkert. Vi veit ikkje kva den faktiske veksten i lønn og prisar  vil bli, seier fylkesmann Per Arne Olsen. Regjeringa har ikkje lagt inn meirutgifter for kommunane frå midten av juni av.  

Mykje kan bli annleis, og det vil regjeringa i så fall følgje opp i tida som kommer. Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har i utgangspunktet ein anstrengt økonomi.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.