Høyring av forvaltningsplan for Utvalt kulturlandskap i jordbruket

Fylkesmannen sender med dette forslag til forvaltningsplan for Utvalt kulturlandskap (UKL) i Hjartdal og Svartdal på høyring. Forvaltningsplanen skal vere ein rettleiar for grunneigarar, brukarar og forvaltninga om å ta vare på kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal.

Frist for å gje uttale til forvaltningsplanen er sett til 30.01.19.

Send uttale til fmvtpost@fylkesmannen.no eller til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg (merk ny adresse).

Alle grunneigarar og interesserte er velkomne til informasjonskveld om forvaltningsplanen onsdag 16.01.19 kl. 19.00 på Bergtun i Hjartdal.

Sjå heile saken.