Utviding av Skirvedalen naturreservat i Tinn

Frå åpent parit ved Heggeflatin. Foto:  Øivind Gammelmo
Frå åpent parit ved Heggeflatin. Foto: Øivind Gammelmo

Utvidinga av Skirvedalen naturreservat vart vedteke verna i statsråd 23. juni 2020. 

Generelt            

Skirvedalen naturreservat vart verna første gong 09.07.1993. Første utviding var 21.06.2019 og nå har reseservatet vorte utvida igjen. Reservatet ligg i kommunane Tinn i Vestfold og Telemark og Rollag i Viken, mellom Tinn Austbygd og Veggli i Numedal. Det er eit stort og variert skogområde som er lite påverka.

Topografi

Området som er ei utvidinga av det eksisterande naturreservatet ligg sør for dagens naturreservat og strekker seg frå sørgrensa til Mjeltemyr på austsida av Saurelijuva. Vestover strekker området seg opp mot Maristulfjellet.

Topografien er mild med større myrflater- og skogstrekninger, samt eit større vatn, Långevatn, og fleire mindre tjern.

Långevatn i framgrunnen og den gamle frodige granskogen kan sjåast under Maristaulfjellet.  Foto: Øivind Gammelmo

Långevatn i framgrunnen og den gamle frodige granskogen kan sjåast under Maristaulfjellet. Foto: Øivind Gammelmo

Verneformål    

Formålet med naturreservatet er å verna eit skogområde som har særleg tyding for biologisk mangfald på grunn av førekomst av høgareliggande barskog og med innslag av urskogsprega og storvaksen granskog.

Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av parti med frodig høyproduktiv høgstaudegranskog, og dessutan førekomst av myrområder med stor økologisk variasjon.

Dei flatare partia i botnen av lia blir prega av røsslyng-blokkebærfuruskog med nakne knausar som stikk opp i landskapet.  Foto: Øivind Gammelmo

Dei flatare partia i botnen av lia blir prega av røsslyng-blokkebærfuruskog med nakne knausar som stikk opp i landskapet. Foto: Øivind Gammelmo

Naturfagleg kvalitet       

Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av førekomst av lite påvirka og til dels urskogsprega og storvokst barskog, med mindre arealer med den rødlista naturtypen høgstaudegranskog (NT) og førekomst av fleire rødlista lav- og sopparter (NT)

Det meste av skogen er relativt høgtliggande, lågproduktiv og dels glissen og er prega av lang tids bruk, både gjennom setring og tømmerhogst. Granskogen i lisida opp mot Maristaulfjellet avvik ved å vera meir kompakt og storvaksent.
I nedre del av den produktive lia inngår òg jamt med død ved, mest som vindfall og ferske gadd mest av ferske til middlere nedbrytningsstadier. Godt nedbrutte læger inngår berre som enkelte restar. Dominerande aldersklasse er 80-120 år, svært få eldre tre (inntil ca 200 år).

Skirvedalen naturreservat har regional verneverdi (**).

Enkelte stader finn ein død ved av furu. Foto:  Øivind Gammelmo

Enkelte stader finn ein død ved av furu. Foto: Øivind Gammelmo

 

Naturreservata i Tinn

Lenke til faktaark i Naturbase

Gausdalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000639

Midtstrondbekken naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002806

Skirvedalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001024

Rollagåsen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003612

Vestfjorddalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002353

Urdalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003456

Gjuvet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000441

Omnflug naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003176

Glupen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002803

Bratterudskogen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003175

Mælslia naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002356

Lauvhøgdi naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002355