Åtte nye skogområde er verna i Vestfold og Telemark

Rik edellauvskog i Sagkollen.  Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Rik edellauvskog i Sagkollen. Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Regjeringa verna i dag 23. juni 30 skogområde ved frivillig vern av privateigd skog, med til saman ca. 51 km2 nytt verneareal. Det er no verna om lag 5 % av all skog og 3,8 % av den produktive skogen i Noreg.

Åtte av dei nye verneområda ligg i Vestfold og Telemark, der tre av områda er utviding av eksisterande naturreservat. 

Opprettinga av verneområda bidreg til å sikre viktige områder for naturmangfald i norske økosystem. Men er og med på å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til gjennom behandlinga av "Norsk handlingsplan for naturmangfold - Natur for livet", Meld. St. 14 (2015-2016).

Oversikt over dei nye naturreservata:

Navn 

Kommune

Areal i daa 

Verneverdi 

Kvelderønningen

Larvik

1 020 Regional (**)

Sandvik

Fyresdal

1 946 Lokal til regional (*/**)

Rollagåsen

Tinn

762 Regional (**)

Rupefjell og Selslinatten

Notodden og Kongsberg, Viken

16 026 Regional (**)

Røsaker

Skien

277 Nasjonal (***)

Skirvedalen - utviding

Tinn og Rollag, Viken

24 629 Regional  (**)

Korpen og Sagkollen- utviding

Larvik

4 710 Nasjonal (***)

Flisefyr og Hidalen - utviding

Sandefjord

3 704 Regionalt  (**)

 

Eldre granskog med død ved i Svarttjønndalen i området Rupefjell - Selslinatten. Foto: Sigve Reiso

Eldre granskog med død ved i Svarttjønndalen i området Rupefjell - Selslinatten. Foto: Sigve Reiso