Fem vassmiljøprosjekt får tilskot i vårt fylke

Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Miljødirektoratet har i 2020 fordelt 21 millionar kroner til 87 prosjekt over heile landet for å betre vassmiljøet i ferskvatn og kystvatn.

– Mesteparten av pengane går til konkrete tiltak som skal forbetre vasskvaliteten og livsgrunnlaget til dyr og planter som lever i vatna. Engasjementet er stort, vi er glade for å kunne dele ut nesten dobbelt så mykje som i fjor, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Prosjekta som har fått tilskot skal blant anna opne bekker, forbetre leveforholda for fisk, hindre at vann gror igjen av planter eller redusere effektane av menneskeleg aktivitet som utslepp av kloakk og annan type forureining.

I år var det 223 søkjarar som hadde søknader på totalt 95 millionar kroner. Restaureringsprosjekt har vorte spesielt prioriterte ved årets løyving.

Restaureringa av Tokenesbekken på Nøtterøy har fått 420 000 kroner til å:

  • opne opp ei strekning som tidlegare har vore lagt i røyr
  • setja i verk tiltak mot framande artar
  • reetablera kantvegetasjon

Liste over dei tiltaka som får tilskudd over 100 000 kr i vårt fylke

Navn på søknaden Tilskudd
Restaureringstiltak i Unnebergsbekken i Sandefjord 440 000
Restaurering av Tokenesbekken pa Nøtterøy 420 000
Restaurering sjøørretbekk Sandvika 200 000
Søknad om støtte til vanndirektivskurs høsten 2020 175 000
Gjenåpning av Djupsundbekken i Sandefjord 130 000

 

Fleire sjansar i 2021

Neste høve for å søkje tilskot er i 2021. Miljødirektoratet opnar for søknader ca.1. november 2020, og søknadsfristen er 15. januar 2021.

Miljødirektoratet forvaltar ei rekkje tilskotsordningar. Ei samla oversikt med lekkje til søknadsskjema finst i det elektroniske søknadssenteret vårt.