8 tips til naturvennleg friluftsliv

Tips til naturvennlig friluftsliv.
Tips til naturvennlig friluftsliv. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Miljøavdelinga hjå Fylkesmannen gler seg over at så mange tek i bruk den flotte naturen. Men samstundes er det ein uro for ein raskt aukande slitasje og forstyrring av dyrelivet. Difor har Fylkesmannen no laga åtte tips som gjer at du kan drive eit friluftsliv som ikkje set spor.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2020

Ut på tur i sommar?

Miljøavdelinga hjå Fylkesmannen gler seg over at så mange tek i bruk den flotte naturen i Vestfold og Telemark. Frå blankskura svaberg og frodig edellauvskog langs kysten til sildrande bekker og nakne vidder på fjellet. Her er det noko for ein kvar smak.

Mellom 4 og 5 prosent av naturen i fylket er verna for komande generasjonar. Det er Fylkesmannen som forvaltar dei fleste verneområda. Innafor verneområda er reglane strengare enn elles.

Men ute i terrenget kan det av og til vere vanskeleg å vite om du er utafor eller innafor eit naturvernområde. Difor har vi laga åtte tips som gjer at du kan drive eit friluftsliv som ikkje set spor, same kor du er.

Uro for slitasje og forstyrring

- Vi har sett ein raskt aukande slitasje i verneområda denne våren, seier fagsjef Arne Christian Geving hjå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Vi får og støtt meldingar om forstyrring av dyrelivet. Vi er rett og slett litt uroa over at denne sommaren, då alle skal feriera i Noreg, kan setje varige spor i naturen. Samtidig er vi særs glade for at så mange oppdagar gledene ved friluftslivet. Vi tenkjer jo at «bruk er det beste vernet». Når folk blir glade i naturen så ønskjer dei og å ta vare på han. Difor ønskjer vi å oppmuntre til friluftslivet på ein positiv måte gjennom desse tipsa, avsluttar Geving.

Åtte tips til naturvennleg friluftsliv

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.