Fylkesmannen set i verk tiltak mot parkslirekne på Ørsnes

Parkslirekne (Reynoutria japonica).  Parkslirekne kom troleg til Noreg i 1860-70-årene og vart mellom anna spreidd gjennom F.C. Schübelers hageplanteforsøk til nordre Nordland. Arten blir vurdert å ha ein stor negativ økologisk effekt. Parkslirekne kan dukka opp på nesten all slags mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Parkslirekne (Reynoutria japonica). Parkslirekne kom troleg til Noreg i 1860-70-årene og vart mellom anna spreidd gjennom F.C. Schübelers hageplanteforsøk til nordre Nordland. Arten blir vurdert å ha ein stor negativ økologisk effekt. Parkslirekne kan dukka opp på nesten all slags mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Parkslirekne er ein framand art som ikkje høyrer heime i norsk natur og har eit stort skadepotensial på naturmangfaldet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.07.2020

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er uroleg for at ein bestand på Ørsnes spreier seg inn i Presterødkilen naturreservat, og set no i gong med tiltak mot vidare spreiing.

Parkslirekne er svært aggressiv i spreiinga si, og når tette bestandar på opptil 3 meter høgde i løpet av få år. Den fortrengjer artar som finst der frå før, og har eit enormt strøavfall som verkar hemmande på andre artar. Rotsystemet er dessutan djupt og omfattande, og totalnedkjemping av arten er svært ressurskrevjande. Ein bit av stengelen på 2 cm er nok til å danne nye planter, og forsking viser at tilfeldig  kapping av parkslirekne berre fører til nye skot og kraftigare vekst. Det er derfor viktig at parkslirekne ikkje kappast ned og at restane blir liggjande i området.

Førekomsten på gnr. 2 bnr. 31 på Ørsnes kan vere ei kjelde til andre bestandar i området. Fylkesmannen er spesielt uroleg for spreiing inn i Presterødkilen naturreservat. For å avgrense ytterlegare spreiing set vi no i gong med tiltak. Det er dessverre vanskeleg å kome utanom sprøytemiddel i nedkjempinga av parkslirekne. Områda som blir sprøyta vil markerast tydeleg med merkeband og infoplakatar i samsvar med Mattilsynet sin mal.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ansvar blant anna for å koordinere arbeidet med framande artar mellom etatar og kommunar i fylket og hjelpe med fagleg rettleiing overfor kommunane og almenta. Medan Fylkesmannen har ansvaret for framande artar innanfor naturvernområda, er det kommunen som har hovudansvaret utanfor verneområda. Denne nedkjempinga blir utført i samarbeid med Færder kommune.

 

Ved spørsmål kan de ta kontakt med Fylkesmannen i Vestfold og Telemark på:
epost: fmvtpost@fylkesmannen.no eller 
telefon: 33 37 10 00

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner