24 prosjekt i vårt fylke fekk stønad gjennom Klimasats-ordninga i 2020!

Eit massivtreprosjekt i Sauland, Hjartdal med tilskot fra Klimasats 2017. Foto: Hans Jørgen Aase
Eit massivtreprosjekt i Sauland, Hjartdal med tilskot fra Klimasats 2017. Foto: Hans Jørgen Aase

Prosjekta varierer i alt frå byggverk i tre, klimavennlege innkjøp, mobilitetsplanlegging, mat til ladepunkt og klimarekneskap. 

For 2020 var det sett av 232 millionar kroner til generelle klimatiltak, pluss 90 millionar øyremerka utsleppsfrie hurtigbåtar, til Klimasats-ordninga i statsbudsjettet. Totalt mottok Miljødirektoratet 587 søknader til tilskotsordninga "Klimasats-stønad til klimasatsing i kommunane" i februar 2020.

Formålet med ordninga er å hjelpe til reduksjon av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Miljødirektoratet har no vurdert og behandla søknadene i samsvar til kriteria for tildelinga  og kriteria for prioriteringa.

I Vestfold og Telemark har heile 24 prosjekt motteke stønad! Totalt utgjer årets KlimaSats-støtte til kommunane i fylket vårt heile 14 095 800 kr!

Blant kommunane finn vi Fyresdal, Færder, Horten, Kragerø, Larvik, Midt-Telemark, Tønsberg, Sandefjord og Skien.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark tilrår alle å ta ein titt på årets spennande prosjekt!
Alle prosjektsøknadane og brev med tilsegna kan enkelt søkjast opp på Miljødirektoratet sin nettstad .

 

Då ordninga blei oppretta i 2016, skulle den vare i minst fem år ifølgje Stortingsvedtaket. 2020 er siste år i denne femårsperioden. Ei eventuell vidareføring av Klimasats-ordninga vert avgjort av regjeringa og Stortinget til hausten.